Tradisjonar

For mange er Setesdal eit dalføre der gamle tradisjonar innan kultur og byggeskikk har vorte halde i hevd heilt fram til våre dagar. Dei høge og staselege lofta, der middelalderens stavteknikk er kombinert med seinare tiders laftekunst, gir landskapet særpreg.

Me i Straume Handlaft ønskjer å vidareføre tradisjonane i nye former tilpassa våre dagars behov, men der den opphavlege byggeskikken heile tida er utgangspunkt for nye arkitetoniske løysingar.

Når dei gamle stogene skulle innreiast, trong laftebyggjaren hjelp av andre bygdekunstnarar. Smeden laga dørjern, og målaren dekorerte senger og skap. Me har godt samarbeid med ulike handverkarar slik at me kan levere alle detaljar kunden måtte ønskje.